Forlaget skriver om denne boka:
Bilete i berg - språk utan ord
Helleristningar, skålgroper, holemåleri, slipningar - gåte og utfordring
I Noreg kjenner vi til meir enn 1100 stader med bergkunst. Frå Finnmark i nord til Lista i sør - frå øyar på ytterkysten i vest til svenskegrensa i aust finn vi helleristningar og bergmålingar på bergsva og steinblokker i friluft, i store bergholer, under hellarar og på steinar i graver, ved havstrand og innsjøar, langs elvar og i stølstrakter.
Dei skandinaviske bergbileta vart nyoppdaga på 1600- og 1700-talet, og sidan då har nye generasjonar forhistorieforskarar kome med ulike og ofte motstridande tolkingar - anten det er av veidekunsten frå steinalderen, ca 9000-2000 f. Kr., eller av jordbruksristningane frå bronsealder/jernalder - 1800 f.Kr.-400 e.Kr.