Forlaget skriver om denne boka: Marit Kaldhol (f. 1955) bur i Ålesund. Diktsirkelen den einaste kjolen følgjer eit poetisk eg gjennom ein topografi der fortider, notider og framtider utgjer høgdedrag, dalsøkk, elver og sletter. Vandringa gjennom dette landskapet formidlar ei gjennomgripande utvikling der forsøket på å kome overeins med sitt eige liv - å finne ei overordna ro - er eit sentralt mål. Dette poetiske stordiktet viser ei mildare - og kanskje meir sårbar - side av Kaldhols poetiske evner.