Stavanger i oljealderen: Det svarte gullet blir pumpa inn i dei rikes økonomi. Bustadprisane går til himmels, nyrike oppkomlingar feirar seg sjølve med pomp og festivalprakt. Alle sivilisasjonar har ei dekadent oppblomstring før dei går til helvete. Rikdommen legg seg som ei tynn oljehinne over overflata. Og under denne overflata finst det desperate småkjeltringar og sosialklientar som også vil ha ein bit av overfloda.
Arild Reins tre bøker - Hundedagane (1998), Grisekoret (2001), og Kaninbyen (2004) - om skyggesida av det nyrike oljenorge er unike. I eit hardt, fysisk og munnleg språk har Rein skrive ein trilogi med eit intelligent raseri, så gjennomarbeidd og gjennomført hardkokt at det saknar sidestykke i norsk litteratur. Stavangertrilogien er medrivande og engasjerande bøker - og eit stykke sivilisasjonskritikk.