EINAR FØRDE var ein av dei mest markante og fargerike politikarar i norsk etterkrigshistorie. Etter at han i 2001 gjekk av som kringkastingssjef, kunne han sleppe seg laus som spaltist i Bergens Tidende, og skreiv i tre år fast under vignetten "Einar på onsdag".
Utgangspunkta veksla frå flatlus og pinnekjøt, bilgalskap og psykiatri, kommunistisk nostalgi og europeiske stammekrigar, til porno som daglegvare, kortskallane i Sogndalsfjøra, bifile parti og emosjonell inkontinens. Innimellom fekk han inn syrlege karakteristikkar av Hagen, Bush, Lenin, Bondevik og Erna Solberg.
Med glimt i auga kunne han levere dei beiskaste karakteristikkar, men mest nådelaust utleverande skreiv han om seg sjølv: Under tittelen "Eitt tabuemne" fortalde han ope om sine eigne tankar og kjensler etter at han vart råka av kreft. Men heilt framt til nokre veker før han døydde veksla artiklane hans mellom sterkt politisk engasjement og humørfylte rapportar om mislykka krepsefiske i Sogn.
Den første samlinga av "Einar på onsdag" kom ut i 2002 med tittelen Utsyn. Innkast mot gravalvorets diktatur. Den er no utgitt som billigbok, og saman med Innsyn er då alle 125 artiklane som Einar Førde skreiv frå 2001 til 2004 tilgjengelege i bokform.