Forlaget skriver om denne boka:
Sidan du forsvann, har veggene falle ned. Sæden din, som gjekk til spille mellom senga og døra, har blitt igjen på det ubehandla furugolvet og danna ei hard overflate, toler vask, kan knapt ripe det opp med neglene. Har truleg funne ein ny metode for å herde materialar. For å få kroppskontakt ligg eg naken i senga om natta. Eg tenkjer på då du ringde meg på toget ved Tigris, og eg kasta eit blikk på Tigris. Neste gong vil eg sjå Eufrat.
Ei kvinne er på ei reise etter eit kjærleiksbrot, det får henne til å minnast andre reiser. Erindringsbileta glir saman til ei stor og fløymande reise gjennom tider og land. Her er bilete av elvar, hav og vatn - livet, livets vatn og livets flyt. Under tap og lengt ligg ei aning av glede: Det kjem nye dagar, nye reiser, nye tider.