Kunsthandverk - kva slags kunst er det? Før var det namnet på handlaga gjenstandar i keramikk, tekstil, tre eller glas, men kva når materialet er ready-mades og resultatet ikkje lenger er bruksting? Kva rolle fyller eigentlig kunsthandverket i dag? Kan vi tala om ein slutt for kunsthandverket slik filosofen Arthur C. Danto snakkar om i "Kunstens avslutning"? Dei som arbeider med kunsthandverk, teoretisk eller praktisk, drøftar kontinuerleg identiteten til faget. Representerer ordet bestemte verdiar som bør styrkast, eller er det bruk for heilt nye nemningar? Boka gir fleire svar på desse spørsmåla, og forfattaren nærmar seg kunsthandverket frå tre ulike innfalsvinklar : historisk og estetisk og som samfunnskunst. Ho drøftar også kva som skjer når materialet blir mediet, og leverer eit forsvar for det vakre som verdi.