Vesle Selma har ein kanin. Ein dag tek ho eit egg i kjøleskåpet og legg det i dokkesenga, for ho vil så gjerne ha ein kjukling òg. Kaninen skal ruge ut egget..
Selma veit at slikt tek tid, ho gler seg og er tolmodig. Iblant kjenner ho på egget, og det er ikkje så veldig varmt, så kanskje kaninen ikkje er like flink til å ruge som ei høne. Men Selma skjenner ikkje på han for det, ho elskar nemleg kaninen sin. Og ho har store planar: Når kjuklingen kjem ut av egget, skal ho ta med seg dei to vennene og reise ut i verda. Tekst og bilete gjer denne boka til ei glad og god oppleving.