Bli med på ein visetur med Josef G. Larssen langs Kystvegen. Med "vårvibe-treff" på Jæren og eit gløtt innom Gamle Skudeneshavn før du set kursen mot Slåtterøy fyr i "Nordsjøkatedralen" og, mens du er i farten, fer innom ein og annan fjord før du stryk vidare gjennom Øygarden og Rongevær, og til slutt går i land på "Holmarøy", som, om du blar litt framover, ligg nettopp der du er - nå! Og der du blant alle vennene til Josef møter ho Stina i Støa og friaren som stadig lovar å kome. "I morgon, i morgon, men ikkje i dag!" Og "Gina med gitaren", "Terge-Trine" og "Ho Aneline". Og ei "Kari" og ein "Ivar" som trør til med "Ver glad i den nasen du har"! Og ikkje å forgløyme Mammå i Naustvågen, som har gemalen på grønlandsfiskje, og lovar dei fem villstyringane sine at: "Da ska' bli andre boller når Papen kjem heim til jul!" Og både blant desse og mange andre vil du finne venner som vil møte deg med eit varmt velkomen! Og dét, enten det er "Sommar på Holmarøy" eller du finn øya snødekt midt i "Vinterlandet", eller du er der på ein "Doggdråpedag i desember". God tur!