Forlaget skriver om denne boka:
Arne Valen, fødd 1844 i Valestrand i Sveio, var ein av fire pionermisjonærar på Vest-Madagaskar. Arbeidet var dårleg planlagt, og pionerane møtte motbør frå lokale styremakter. Etter to år på Vest-Madagaskar drog Valen til Madagaskar Innland der starta han opp Misjonsselskapet sitt arbeid i provinshovudstaden Fianarantsoa. Livet hans inneheldt mange soger: Pioneren, kyrkjebyggjaren, læraren, styraren på Solbakken, fråhaldsmannen og mange fleire.
Boka vil formidla dette mangfaldet i hans og kona Dorthea sitt liv. Samstundet er det eit mål for framtstillinga å få fram den raude tråden i alt - Kallet.