I Noreg, og i Vest-Europa elles, er det muslimske nærværet nytt og sterkt. Denne boka tar utgangspunkt i islam i Noreg, og tar dernest lesaren med på ei fargesterk og tankevekkjande reise i tida, tilbake til 6-700-talet , då det rike, men spenningsfylte samlivet mellom kristendom og islam tok til. Oddbjørn Leirvik fortel om forholdet mellom muslimar og kristne i Arabia og Bagdad, om den spanske gullalderen, om korstoga og om islamsk renessanse. Historia blir ført fram til vår eiga tid, då kulturmøtet skjer midt i Europa der kristne, muslimar og andre med og uten religion strevar med å finne fram til nye former for fleirrelgiøst og multikulturelt samkvem.
Første del av boka gir historisk perspektiv til dei relgiøse, etiske og politiske sidene ved kulturmøtet som den siste delen handlar om. Under overskrifte "Trusdialog" drøftar forfattaren likskaper og skilnader mellom Bibelen og Koranen, samt gudsbiledet og det ulike synet på profetane i dei to relgionane. Dernest får vi ein grundig diskusjon av meir etiske tema som lov, fridom og samvit i islam og kristendom. Den siste delen av boka tar så opp politiske tema som stat og relgion, menneskerettar, kjønnsmakt og valdsbruk.
Eit sentralt spørsmål i boka er kva som skjer i det spenningsfylte rommet mellom dei to relgionane: vil muslimer og kristne alltid vere i konflikt eller kan dei kome i dialog med kvarandre og skape nye fellesrom?