Forlaget skriver om denne boka:
Og filmen rørte seg, han fløymde rundt meg, det var lydar av dei vaksne sine stemmar på tunet, det var hanen som gol, lukta av suppe på kjøkenet, knirking i den bratte trappa.
Eg var Fjodor, budde på Aabothnes. Og alt som skjedde frå her var ei stille stadfesting av dette: Eg var ikkje med. Eg som ville lage rørsle. Eg var berre eit auge.
Mono er Fjodor sin forteljing om faren og lokomotiver. Om den russiske mora. Om den døve veslebroren. Om alt som veks og går til grunne på den lille garden deira. Tilsynelatande ei realistisk skildring, men ikkje utan overskridande og absurde innslag.