Forlaget skriver om denne boka:
Hausten 2005 drog eit seks mann stort skramleorkester frå Norge ut for å ta kontroll på kontinentet. Bandets tredje album - Maestro - skulle lanserast i åtte europeiske land. Nok ein gong skulle Kaizers Orchestra få tyskarar, sveitsarar og hollendarar til å kasta armane i veret og brøla halleluja. Europearane skulle synga med på tekstar dei ikkje skjøna eit kvekk av. Dei skulle dansa til musikk dei knapt hadde hørt maken til, framført på oljefat, bilfelgar og eit sprukkent pumpeorgel.
Kontroll på kontinentet er historia om Norges mest usannsynlige rockesuksess: Kaizers Orchestra. Ingen hadde trudd at eit jærskspråklig ompaorkester kunne bli tidenes debutsensasjon i Norge. Og i alle fall ikkje at dei skulle kunna gjera furore på europeiske livescener og bli hylla av Tom Waits.
Men historia om Kaizers Orchestra er sann. I Kontroll på kontinentet får du vita korleis det utenkelige blei verkelig. Heilt frå to barndomskompisar satt og tulla i ei kjellarstove på Bryne, gjennom opp- og nedturar, og fram til seks musikarar går på scena til vill jubel i Europa. Historia blir fortalt av ein som har sett det heile på nært hald frå starten av, og fotografert av ein som har vore med bak scena, i bussen og på vegen gjennom fire år.