Dette er ein poetisk roman som viser ei kvinnes lengt etter eit barn, om forholdet til far sin og om forholdet til ein mann.
Gjennom eit flettverk av barndomsskildringar og hendingar frå vaksenlivet, presenterer Marit Kaldhol eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Kaldhol har skrive bøker for både barn og vaksne, både romanar, dikt og biletbøker.