Storverket veks Gjennom mest eit halvt tusen sider rullar dette fjerde bandet i soga om Rennesøy opp for oss frå utviklinga frå storisen forsvann for 14000 år sidan til dei jublande maidagane i 1945. Her møter du høgadel på Sørbø og strandsitjarar på Fjøløy, modige lensmenn på Vik, potetprestar på Huskje og koneplagarar på 1600-talet. Boka inviterar deg til bryllaup på Bjerga i 1697, til vekkingsmøte fyrst på 1900-talet og svarthandel under den andre verdskrigen.
Alt er rikt illustrert, fyrst med mest eit kvart tusen foto, mest alle eldre enn 60 år, med illustrasjonar av biletkunstnaren Svein Magnus Håvarstein, og med kart og grafiske framstillingar.
Me trur at boka vil gje band til øyane anten du er innflyttar, fråflyttar eller har budd her i all di tid. God appetitt!
Ledig Ledig eksemplar er ikke til utlån. Ventetid må påberegnes ved bestilling.
(Avd.: Sølvberget, Stavangersamlingen 948.3422 FØR) Ikke til utlån
Husk denne