Forlaget skriver om denne boka:
Denne boka er både eit knippe dikt og ei fortelling om ei ung jente som grip
årene og ror. Vi blir med på ein rotur gjennom tida, der jenta utforskar, drøymer, lengtar, sansar - på leiting etter rytmen i sitt eige liv. Dikt for ungdom. Illustrert av Justyna Nyka.
ho kjem til fjorden
han er der
han ligg roleg
han ser ikkje vekk
han spør ikkje kor ho har vore
han seier ikkje kor ho skal fare
han tar imot henne held båten hennar
ho kjem til fjorden han er ein venn
i dag ligg han roleg pustar under henne
ho ror medan hendene hans grip inn i landskapet