I denne oversiktlege boka teiknar forfattaren eit kart over det nye religiøse Norge og gir forslag til korleis det nye pluralismekartet kan lesast. Her handlar det ikkje berre om dei ulike kristne trussamfunna og innvandrarreligionane islam, buddhisme, hinduisme og sikhisme. Også humanetikken, jødedommen, bahai-trua og ulike nyreligiøse rørsler bidra til mangfaldet av tru og livssyn.
Eit sentralt spørsmål som boka drøftar er korleis ein skal forstå forholdet mellom kultur og religion. Både konfliktlinjer i kultur- og religionsmøtet og ulike forsøk på dialog blir presentert.
Leirvik ser på sentrale trekk ved religionsdialogen si utvikling i Norge og stiller spørsmålet: Kva er oppnådd etter femten års religionsdialog? Er trus- og livssynssamfunna nøgde med å stadfeste kvarandre sin religionsfridom, eller vågar dei også å utfordre kvarandre i kontroversielle spørsmål som kvinna si stilling? Og kvar går dei viktige moralske og politiske skiljelinjer - kanskje på tvers av tru og livsyn?
Oddbjørn Leirvik (f. 1951) er professor i interreligiøse studier ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekke bøker om religionsdialog og beslekta emne.