Forlaget skriv om denne boka: Peder Bjørnson, far til Bjørnstjerne Bjørnson, var arving til en storgard ved Randsfjorden, men da faren plutseleg døde, måtte han selje garden for å klare gjelda. Han studerte teologi i vaksen alder og prøvde å legge bak seg den store krenkinga som han meinte han hadde vore utsett for. Han var ein av dei striaste prestane som har stått på ein prekestol i Noreg, men etter eit liv i rettsfeider og bygdestrid, fann han omsider fred med seg sjølv og andre menneske.
Edvard Hoem følgjer Peder Bjørnson på hans livsreise, og bildet av et gløymt stykke Noregshistorie stig fram: Det fattige utkantlandet som kjempar for å bli ein del av det moderne Europa.