Forlaget skriv om denne boka: Ein ung mann sit på psykiatrisk institusjon, skuldig i krminelle handlingar. Psykologen oppmodar han til å skrive, og etter kvert trenger vonde minne seg på. Med brutal realisme blir det fortalt om ein barndom prega av kulde, avmakt og einsemd. Og gjennom hoveudpersonen sine intense forsøk på å halde verda saman, blir vi kjende med eit fortvila menneske.
I eit nesten uhyggeleg syngande og ekspressivt språk kretsar denne romanen framfor alt rundt sorga over alt som kunne ha vore annleis.