Kensukes rike av Michael Morpurgo, er ei magisk eventyrhistorie i beste Robinson Crusoe-stil og passer godt for dei frå 8 til 12 år.
"Eg høyrde vinden i segla over meg. Eg hugsar at eg tenkte: Noko så dumt. Du har ikkje på deg sikringssele, du har ikkje på deg redningsvest. Du burde ikkje gjere dette ... Eg låg i den kalde sjøen før eg så mykje som rakk å opne munnen for å skrike."
Michael blir skyld i land på ei øy i Stillehavet og slit med å overleve på eiga hand. Utan mat og drikke kryp han saman for å døy. Då han vaknar, står det ein tallerken ved sida av han, med fisk, med frukt, og ein bolle med ferskvatn. Han er ikkje åleine ...