Forlaget skriv om denne boka:
Lemmata, fleirtal av lemma (gr.) som betyr å ta noko for gitt. Lemmata blir brukt i ulike samanhengar, i matematikken f.eks. som hjelpesetningar i bevis for andre setningar. På liknande måte tar desse dikta utgangspunkt i det kjente for å nærme seg det ukjente. Kva tar vi for gitt, og kva gjer vi med det vi tar for gitt?
Dette er dikt som er enkle å oppfatte, dei vender seg direkte til lesaren. Samtidig er det også ei lærd, erfaren og levd tone i samlinga. Ein stor og klassisk diktarleg klangbotn blir vekt til live; Stubhaug skriv seg inn i tradisjonane etter visdomsdiktinga frå sjølvaste Salomo og Preikaren, frå greske stoikarar og lakonikarar og opp mot våre eigne salmar.