"Min naturalistiske jær-roman" kalla Garborg boka "Fred" (1892). Tittelen er ironisk, ettersom livet til hovudpersonen, Enok Hòve, er alt anna enn fredfylt. Han gruvlar natt og dag, strir med Vårherre, piner seg sjølv og familien. Til slutt tek angsten heilt overhand og driv han i døden for eiga hand. Samstundes teiknar boka eit mektig bilete av jær-naturen og fortel mykje om det store omskiftet i økonomi og kultur som reiv opp det gamle, trygge bygdelivet.
"Fred" er ein djuptborande og spennande studie i religionspsykologi innanfor eit samfunn i omforming.