Forlaget skriver om denne boka:
Bakken byrjar å riste, kjakane dirrar, tennene skranglar i kjeften på oss. Murpuss byrjar å drysse frå veggen på bensinstasjonen, fordeler seg fint og stivnar i lufta mellom oss. Slørar til dei spørjande andleta til Gunnar, Njål og Gudmund, festar seg i dei pistrate håra på overleppene deira. Dei får murpussbartar jordskjelvbartar. Føtene mine står på kvar si tektoniske plate som drar meg kvar sin veg, truar med å kløyve meg på midten. Med eit sukk opnar jorda seg under meg.
Bjarte Daviknes Klakegg debuterer med korte historier, der vi blir dradd inn i avgjerande episoder i livet til vanlege folk. Det handlar om hjarte som bankar, og jarte som veks og veks.