Forlaget skriver om denne boka:
Dønningar er Jon Tolaas si tolvte skjønnlitterære bok sidan debuten i 1967.
Samlinga spenner vidt, frå dei 22 dikta i "Kråkenessuiten" som fangar inn eit landskap og eit folk til enkeltdikt som speglar mennesket som ledd i større ikkje-religiøse samanhengar. Som før er tekstane hans freistnader på å finne ut litt meir om kva det vil seie å vere menneske - i Tolaas si særeigne blanding av alvor og skjemt, vakker og ureint, lyrisk og direkte.