Året er 995, det er vikingtid og 13 år gamle Arne er med far sin til Gulatinget i Sogn. Arne blir vitne til brutale drap. Men både i heimbygda hans og på sjølve Gulatingsstaden grip lova inn når nokon har brote freden. Gulatingslova gav folk i ein heil landsdel reglar å gå etter når dei skulle løyse stridsspørsmål dei i mellom.
Fagbok for barn om Gulatinget og Gulatingslova, det eldste lagtinget og den første lovsamlinga i Noreg. Gulatinget var det første representasjonstinget og var tinget for ein stor del av landet frå Sunnmøre til Rogaland og Agder, samt Hallingdal og Valdres. Fagtekstar bak i boka gir utfyllande opplysingar om lova, tinget og utviklinga fram til i dag.