Otto og Sophie Bentwood bur i eit renovert rekkjehus i Brooklyn. I hylla har dei Goethes samla verk, dei har fått installert eit nytt rustfritt stål-kjøkken, og Mercedesen står parkert ved fortauet utanfor. Etter at Sofie blir biten i handa mens ho prøver å mate den utsvoltne nabolagskatten, begynner ei rekke små og illevarslande ulykker å heimsøke livet deira. Gradvis avslører dette svakheitene og brestene i eit ekteskap - og eit samfunn - som er i ferd med å falle frå einannan.