«Eg ser på meg sjølv i spegelen: Feite tjukke svinet.»
Ein ulukkeleg Kristian (140 kg) står i prøverommet og bestemmer, lett desperat, at nok er nok. Eitt år seinare har han slanka vekk halve seg.
Dette er Kristian Fjellanger si forteljing om skammen ved å vere den feite mannen. Om at det berre er kjerringar som slankar seg. Og at sjølv om heimegymapparata knekk og svolten gneg innforjævlig, så er det mogleg å nå det store målet:
Å bli en vellukka slank mann. Og få pult.