«EG HADDE MYKJE å stri med. Og så .... Det vart vel for mykje!»
Ein namnlaus mann sit på ein psykiatrisk institusjon. I samtale med psykologen blir ein skakkjørt oppvekst vekt til live i eit fortetta, nær klaustrofobisk drama som borar intenst i spørsmål om skuld og ansvar, i veikskapane i menneska og måten vi forsømmer kvarandre på.
Skodespelet «Skråninga» hadde urpremiere på Det Norske Teatret i 2004 og vart strålande mottatt. Det finst no i bokform for første gong.