Forlaget skriver om denne boka:
Takkesong
"At eg får lov, denne djupe natt,
å liggja ryggrak og still
og kjenna i logn, medan verda snur,
at enno er eg til,
at herdig mitt gamle, trugne hjarta
driv som alltid og bankar,
at hjernen vender i roleg ro
på nokre trygge tankar,
at livet ligg bak meg
med smått og stort
som ei lykkeleg avlyft bør,
og at endå eg unnest, den stille natt,
å kjenna meg sjølv som før,
og endå få bia ei lita stund
framfor den store dør."
Slik skriv eit menneske som har levd, som har våga å seia ja til alle sider ved livet. Her er dikt til glede og til trøyst, til smil og til tåre. Både gammal og ung vil vera rikare etter å ha opplevd styrken og varmen som Sigmund Skard formidlar til oss gjennom desse dikta.
Dette er Sigmund Skards sjuande diktsamling, den siste kom i 1973, "Auga og hjarte". Same året kom og hans "Dikt i utval"