Dyra i Solskinskogen liker å lage fest, og er veldig flinke til å hjelpe kvarandre. Men den dagen dei skal ha vårfest, er det mykje som ikkje går etter planen. Lesaren må rett og slett hjelpe til om det skal bli nokon fest i det heile!
Barnet må vekkje dyra som forsøv seg, blåse på snabelen når elefanten slår seg med hammaren, og på rumpa til sebraen som har brent seg på bålet. Til slutt kan frosken spele opp til fest, og barnet får syngje.
Dette er ei bok som både aktiviserer og engasjerer, med praktfulle fargesterke illustrasjonar og mange rare og fine dyr. Enkel og kommuniserande tekst i reglestil ei bok med umiddelbar appell!