Polyfem forvandla og Meisteren Ma
Svimlande vakker og særprega dobbelutgjeving
Polyfem forvandla er ved sida av Solange og Meisteren Ma Willy Kyrklunds mest kjende verk. Romanen er ein montasje av korte prosastykke der både greske mytar, fablar og folkedikting, hinduistisk tradisjon og visepastisjar blir tatt i bruk.
Polyfem, som vi møter i bokas første tekst, er kyklopen som hos Homer blir rundlurt av Odyssevs, og som no sit og ventar på at Ingen skal komme attende. Alt får plass mellom første og siste side: Leiken, lengten, mordet og likesæla. Språket er poetisk, sekvensane er både komplekse og djupt humoristiske.
Dette er ein svimlande roman, ein av nordisk litteraturs vakraste, som ber om å bli lesen igjen og igjen.
Meisteren Ma er ein kinesisk vismann og tidlegare røvar frå eit fortidig dynasti. Sjølv enda han sitt liv på jorda då han lét seg slynge ut i retning månen ved hjelp av ei mengd fyrverkeri. Det som er att, er skriftene hans. Meisterens ytringar blir fortløpande kommenterte av dei to andre karakterane i boka: den jordnære kona Yao og den saklege tørrpinnen Li.
Dei tre stemmene flettar saman ei heilt original forteljing.