Tove Fevang har vore i arkivet til Sandnes ullvare og henta tradisjonelle oppskrifter heilt tilbake til 50-talet. Det har vorte ei bok med kjende plagg og mønster tilpassa vår tid. Oppskriftene vekkjer minne og er som ei lita vandring gjennom nyare strikkehistorie. Her finn du kofter og gensrar, men òg sokkar, huver og strikkebukser. Oppskriftene passar frå to til åtte år, og alle modellane er strikka i ullgarn som toler vask i maskin. Boka inneheld òg gode forklaringar for den som ikkje er heilt stø i ulike teknikkar