Har bibliografi, biografi, data om bidragsytarane, diskografi, kronologisk oversikt over livsløpet, notar, ordliste, register
. - I 1863 gav Ivar Aasen anonymt ut diktsamlinga Symra. Ho har seinare blitt ei klassisk bok i norsk litteratur. Samlinga handlar om Noreg, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Dikta var skrivne for å syngjast, og mange av dei var dikta til kjende tonar. Den mest kjende av dei er "Mellom bakkar og berg", av mange rekna som vår andre nasjonalsang. I denne utgåva ved Terje Aarset er det i tillegg ei rekkje tekstar som omhandlar Symra som litteratur. Om språket, musikken, om Aasen-dikt i omsetjing, songbøker og Aasen på plate. Boka er rikt illustrert og har ny notesats, for første gong på over hundre år.
. -
449 kr