Eg kravlar kring i kvardagane. Desse dagane som det er så uhorveleg mange av. Av og til er det liksom ingenting i dei. Men heile tida ligg det noko under. Noko som alltid fører med seg ei lita uro. Fordi desse dagane kan bli heilt borte. Eller fullstendig forandra karakter.