P.J. Harvey har ein unik stilling i rocken, og er ein av verdas mest særeigne artistar, med stor innverknad. Etter at ho gav ut plata Let England shake i 2011 - ein kraftig reaksjon på krigføringa i Midt-Austen, blei ho hyra inn som krigskorrespondent. Saman med fotograf Seamus Murphy drog ho ut på ein rekke reiser til Kosovo, Afghanistan, og Washington D.C. - den absolutte verdsmakta, med eigne utfordringar på heimebane. Den opne handa kombinerer Murphys fotografiar frå konfliktar og kvardagsliv i Kosovo og Afghanistan, med Harveys kraftfulle poesi. Dikta er gjendikta av Pedro Carmona-Alvarez og Gunnhild Øyehaug.
. -
349 kr