Mannfolk (1886) kom ut i midt i den store nordiske debatten om seksualmoralen. Stoffet er stort sett henta frå student- og kunstnarmiljø, og boka er ein kollektivroman med fleire hovudpersonar. Her er mange kjærleiksforhold, men dei går alle over styr, og personane blir øydelagde i konflikten mellom ideal og røyndom.