Forlaget skriver om denne boka:
«Det har røynt seg at dei som tek kunnskapen sin or bøker, dei har betre skjøn enn alle andre,» seier den lærde mannen som talar til sonen sin i denne mellom-alderdialogen. «Og om du vil bli fullkomen i lærdom, så lær alle tungemål, men aller helst latin og velsk, for dei måla går vidast, men gløym likevel ikkje ditt eige tungemål.»
Boka vart skrive n på 1200-talet som ei lærebok i gode seder og høvisk åtferd; ho fortel om kongen og hans gjeremål, gir praktisk kunnskap for kjøpmenn og hirdmenn, og mykje annan lærdom frå den tida. Ho er ein spegel som kvar konge bør sjå i, heiter det, for kongen bør halde seg til «dei fagraste sedene». Men ho er «likevel tilskipa for alle, og dermed tillovleg bruk, som ein allmenning».
Det finst mange liknande «speglar» frå mellomalderens Europa. I norsk mellomalderlitteratur er «Kongsspegelen» det fornemste verket vi har. Dette er ei ny utgåve av Alf Helleviks omsetjing.