Ein soldatroman kallar Lars Aamund Vaage debutboka si. Han er 27 år gamal og bygningsarbeidar på Husnes.
- Kan henda er dette eit vis å ta igjen på for det eg og andre opplevde i Brigaden i Nord-Noreg. Då eg gjorde teneste der tenkte eg at einkvan laut skriva om dette.
Øvelse Kald Vinter fortel om knallharde øvingar, den endelause marsjeringa, det einsformige, kjedelege brakkelivet, restaurantlivet og tjuvpermane - kort og godt, om livet under førstegangstenesta.