Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelittterære feltet. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med didaktiske og formidlingsmessige perspektiv. Eit rikt utval teksteksempel frå norsk og omsett barnelitteratur syner mangfaldet i barnelitteraturens uttrykk og tematikk. Boka er viktig for studentar i barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanninga, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur. Denne 4. utgåva er grundig revidert og oppdatert med nyare teoriorientering og teksteksempel. To kapittel er heilt nyskrivne, dei sju andre er utvida, reviderte og oppdaterte. Kapittel 1 reflekterer over lesing som individuell og sosial hending. Kapittel 2 drøftar barnelitteraturens estetikk med vekt på barneperspektivet som karakteristisk forteljarposisjon. Kapittel 3-7 framstiller utbreidde barnelitterære sjangrar og teksttypar: eventyr og fablar, prosaforteljingar, bildebøker, lyrikk og fagbøker. Kapittel 8 syner korleis barnelitteraturen utvidar tekstbegrepet, tøyer sjangergrenser og skaper nye forteljingsformer ved å gå i dialog med utbreidde medier innanfor det barnekulturelle feltet. Kapittel 9 drøftar barnelitteraturens sjangrar og teksttypar i forhold til skiftande tider sine førestillingar om barn og barndom.
Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar gir ei samla og brei framstilling av det barnelitterære feltet. Boka kombinerer litteraturteori og sjangerkunnskap med didaktiske og formidlingsmessige perspektiv. Eit rikt utval teksteksempel frå norsk og omsett barnelitteratur syner mangfaldet i barnelitteraturens uttrykk og tematikk.
Denne 4. utgåva er grundig revidert og oppdatert med nyare teoriorientering og teksteksempel. Framstillingar av utbreidde barnelitterære sjangrar og teksttypar, som eventyr og fablar, prosaforteljingar, bildebøker, lyrikk og fagbøker er handsama i eigne kapittel. I tillegg inneheld boka kapittel som reflekterer over lesing som individuell og sosial hending, barneperspektivet som forteljarposisjon, barnebokas dialog med ulike medium, samt drøftingar av barnelitterære framstillingar i forhold til skiftande tiders oppfatningar av barn og barndom.
Boka er viktig for studentar i barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanning, og for andre som søker kunnskap om barnelitteratur.
Forfattarane har alle brei erfaring frå barnehage- og lærarutdanninga og kjenner det barnelitterære feltet som både forskarar, formidlarar og faglitterære forfattarar.