Boka gir eit blikk inn i historia til og utviklinga av Vestlandsk fjordde frå 1800-talet og fram til i dag. Gardar som har denne rasen som buskap blir presentert.
Dette er historia om Vestlandsk fjordfe, landrasen som har vore ein del av den vestlandske gardsdrifta frå gamal tid. Boka gir eit blikk inn i den eldste historia vi kjenner til om storfe her i landet, om utviklinga av «Vestlandskvæget» på 1800-talet, om den store feavlsstriden på slutten av same århundre og om utviklinga utover 1900-talet og fram til i dag. Boka presenterer også fleire gardar som i dag har buskap av Vestlandsk fjordfe. Rikt illustrert. Omtalen er utarbeidd av BS.