Kulturfond
. - Hardt skada etter slaget ved Svolder, og med behov for persisk silketråd til å sy såra sine, må Olav Sleggja vende tilbake til huset foreldra hans døydde i. Men området er ikkje lenger trygt. Tre svært ulike grupper av berserkar, hemningslause krigarar som drep for eit par øre, har slått seg til rundt den rike hamnebyen Helsingborg. Snart er Sleggja nøydd til å velgje kven av dei tre berserkargruppene han vil ta parti med, og uansett kva side han tek, vil det ha ein pris. Dette er ein japaninspirert teikneserieroman som har henta mykje frå sagalitteraturen, med beksvart humor og korthogne replikkar. Teikneserie for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: Ungdom fra 13 år
Rå teikneserieroman Ó.r er krafta som fyller skaldane. Som fyller båtbyggarane når dei vaknar midt på natta og veit korleis eit nytt skip skal byggjast. Ó.r er Odin som snakkar gjennom oss. Som skaper gjennom oss. Som syng i oss og gjer livet verd å leve. Og Ó.r er krafta som gjer at berserkane ikkje kan drepast med stål. Gi deg sjølv til Odin, og godta kva gåve han enn velgjer å gi tilbake: Skaldekunst. Båtbygging. Ølbrygging. Eller berserkersinne. Hardt skada etter slaget ved Svolder, og med behov for persisk silketråd til å sy såra sine, må Olav Sleggja vende tilbake til huset foreldra hans døydde i. Men området er ikkje lenger trygt: Tre svært ulike grupper av berserkar, hemningslause krigarar som drep for eit par øre, har slått seg til rundt den rike hamnebyen Helsingborg. Snart er Sleggja nøydd til å velgje kven av dei tre berserkargruppene han vil ta parti med, og uansett kva side han tek, vil det ha ein pris...