Kulturfond
. - Tor Eystein Øverås kjente Sissel Solbjørg Bjugn (1947-2011) i nesten tjue år, og var mellom dei få som hadde nær kontakt med henne til ho uventa døydde, 63 år gammal. Bjugn hadde testamentert arkivet og forfattarrettane til Øverås. Med utgangspunkt i brev og intervju med personar som kjente og samarbeidde med henne, teiknar Øverås eit portrett av poeten, barnebokforfattaren, illustratøren og den radikalt religiøse og samfunnsengasjerte S.S. Bjugn. Øverås har også samla dikt, tekstar og illustrasjonar som Bjugn hadde på trykk i aviser, tidsskrift og antologiar. Gjennom sitat frå dei mange frodige intervjua ho gav, får vi innblikk i kva ho meinte om nynorsk, gudstru, songlyrikk, politikk, Oslo, Sulis, Bodø og sin eigen og andres litteratur.
Sissel Solbjørg Bjugn var ein norsk poet og forfattar. Før sin død i 2011 hadde ho utkome med ei rekke bøker for barn og vaksne, og mottatt fleire prisar. Særleg velrenommert er ho for sitt Heltinnedikt. I denne biografien har venen Tor Eystein Øverås gått gjennom alt som Bjugn publiserte i norske avisar, tidsskrift og antologiar, inkludert alle intervju ho har gitt. Denne biografien er både eit kunstnarportrett av ein særeigen, kompromisslaus og svært sjølvkritisk poet, men og ein presentasjon av Bjugns poetikk: tankane hennar om lesing, skriving og litteratur. Omtalen er utarbeidd av BS.