Kulturfond
. - Oskar Stein Bjørlykke utforskar i denne boka grenselandet mellom det sansbare og det ugripelege. I ei nyskapande form opnar dikta hans ein mediterande dialog med enkeltståande bibelsitat. Slik kan tekstene vera utgangspunkt for meditasjon og stille ettertanke. Forfattaren fangar undringa over det skjøre, vakre og sårbare livet - Her vi går.
I «Her vi går» føyer forfattar Oskar Stein Bjørlykke saman bibelsitat og eigne dikt til ein meditasjonskrans. Med eit særeige blikk for det vakre og sårbarheita i livet, finner Bjørlykke ord som kan innleie til indre dialog eller vere ein basis for stille ettertanke. Omtalen er utarbeidd av BS.