Skodespelet omhandlar ein av Noregs gløymde kultur personlegdomar frå det 20. århundret; Cally Monrad, divaen som meldte seg inn i Nasjonal Samling då andre verdskrig kom til Noreg. Før krigen var Monrad ei ettertrakta songarinne med ein særeigen sjarme; ho var òg ein anerkjend poet og forfattar av Noregs første okkulte roman, som selde i hopetal tross slakta han fekk i pressen. Monrad var òg kjend for å vel og vrake i mannlege kavalerar, og utskiftingsrata var høg. Då annen verdskrig kom, meldte ho seg inn i Nasjonal Samling, og dermed ut av den kulturhistoria Noreg har ynskja å hugse etter andre verdskrig. Skodespelet tar form av at Cally Monrads skikkelse vendar seg til tilskodaren for å fortelje historia om sitt dramatiske liv. Stykket hadde premiere på Det Norske Teateret våren 2018. Omtalen er utarbeidd av BS.