Boka gir oss påskeforteljinga med enkle ord. Her er både palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskedag med. Dei vakre og samtidig intense illustrasjonane er laga av Ingrid Jangaard Ousland. Eit vers av påskesalmen: "Påskemorgen slukker sorgen" står bakarst. Boka er laga med tanke på bruk i barnehagar og skoler, men passer like godt til høgtlesing i heimen. Dette er tredje bok i ein serie om dei store høgtidene i kyrkja: jul, påske og pinse. Bøkene finns både på bokmål og nynorsk.