Originaltittel: Anden i glaset
. - Skulen Grete og Marius går på er over hundre år gammal. Av og til skjer det mystiske ting på skulen. Det knirkar og knakar i veggene. Det er dei gamle elevane og lærarane som går igjen. Men dei viser seg ikkje så ofte, og ikkje for kven som helst, sjølv om Sally gjerne vil det. Sally har bestemt seg for å gjere 'ånda i glaset' i kjellaren, sjølv om det er absolutt forbode område. Grete og Marius er i tvil. Leseland - nivå 2' egner seg for barn som klarer å lese små tekstmengder. Bøkene har 15-25 ord per side, og mange illustrasjonar, med tekst direkte kopla til bileta. Lettlesen for småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 6-9 år
. - Lettlest
Grete og Marius går på ein skule som er kjempegammal. Av og til skjer det mystiske ting der – det er gamle lærarar og elevar som går igjen! Men dei viser seg ikkje for kven som helst, og særleg ikkje for dei eldre elevane, sjølv om Sally gjerne vil det.
I dag vil Sally prøve å gjere ”ånda i glaset” i kjellaren. Men Grete og Marius er i tvil. Å kontakte ånder – i kjellaren, som er absolutt forbode område! Då kan jo kva som helst skje …
Bli med til skulen der porten knirkar, det er spindelvev i vindauga og ein høyrer kvesande pust i korridoren.