Kulturfond
. - Det finst ingen skjulte meiningar Det finst ingen skjulte meiningar med mitt liv. Alt ligg opent og i dagen. Og eg kan ikkje, som dei russiske poetane, rømme over steppene. Her er ingen stepper. Eg skulle gjerne ha vore kavalerist. Men det er ingen krigar å kjempe. Eg tenkjer på kor mørk og primitiv menneskekroppen er. Eg tør ikkje eingong å besøke byane der eg ein gong elska kvinner av heile mitt hjarte. Eg vil rømme frå alt som er bestemt for meg. Poeten bør løfte blikket frå kroppssaftene og det pumpande blodet. Han bør vere taus, så langt han kan.
“Det finst ingen skjulte meiningar med mitt liv. Alt ligg opent og i dagen”, skriv Finn Helge Øglænd i diktsamlinga «Høymolesong». Finn Helge Øglænd debuterte som lyrikar i 1983. Han har mottatt fleire litterære prisar for sitt arbeid. Omtalen er utarbeidd av BS.