Boka er bygd rundt den svenske fotografen Brita Olssons omfattande fotodokumentasjon av Slettemarks liv og kunst. Olsson samarbeidde med Kjartan Slettemark frå 1967 fram til han døydde i 2008. Idun Anderssen Husabø er «forteljarstemma» til den kronologiske biletforteljinga, Susanna Slöör har skrive den kunstfaglege artikkelen «å vere sin eigen kunst». Boka blir også gitt ut på svensk i 2010 av Carlsson Bokförlag, Stockholm.
Karin Grönlund tok til som som assistent for Slettemark i 1982 og vart etter kort tid også sambuaren hans. Dei budde saman til Slettemark døydde i fjor, og ho forvaltar i dag rettane til Slettemarks kunst.