UTGANGSPUNKTET I GULL - BREVA FRÅ FAR MIN er ei kasse med brev som dukkar opp førti år etter at dei blei skrivne, breva som faren sende til mora i trulovingstida:
"Dei ser på meg for første gong, breva frå far min som er så død og synet blendar meg som om eg såg det nakne andletet til elskaren min. Eg kan ikkje sjå på desse trekka utan å skjelve. For første gong skjønar eg at breva frå døde er udødelege. Dei skin så roleg som berre overlevande kan skine."
På ein måte som berre Hélène Cixous kan, blir dette startpunktet for utruleg fantasirike filosoferingar kring familie, tid og minne.