Ei intens forteljing om jenteoppvekst i Algerie. Jenta i boka kjenner seg utanfor. I familien hennar er dei for franske for algeriarane og for jødiske for dei franske.
Ho og bror hennar lever aleine med mora og bestemora etter at faren døydde.
Noko av det dei verkeleg drøymer om, ein sykkel til dømes, ventar dei på i mange år. Men når ynskja vert oppfylde, er dei ikkje slik dei hadde tenkt.
Ein særs poetisk og sår roman om å vekse opp fylt av sterke kjensler, og med ei fånyttes lengt mot eit land hovudpersonen lever midt i.