Forlaget skriver om denne boka: Jubileumsårbok 25 år
Jærmuseet - møtestad mellom natur, kultur og teknologi.
Regionsmuseum for Jæren, skipa 1985 av kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Frå 2003 regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Jærmuseet omfattar fleire avdelingar og anlegg i Jærkommunane:
VITENGARDEN er namnet på avdelinga på Kvia, Nærbø i Hå kommune. Anlegget omfattar m.a. museumsbygg og vitensenterutstillingar, studiemagasin og 4H garden med allsidig husdyrhald og 50 da jordbruksareal. VITENFABRIKKEN er namnet å avdelinga i Sandnes og består av Krossen Havremølle [Storgt. 26], nytt museumsbygg med vitensenterutstillinga Abels skissebok og byhistoriske utstillingar. TUNGENES FYR i Randaberg kommune er eit av fire anlegg i det nasjonale Kystverkmusea som blei opna i 2008. GARBORGSENTERET i Time kommune er under oppbygging og skal drivast av Jærmuseet.
Jærmuseet har også driftsansvar for Vistnestunet i Randaberg, Limagarden i Gjesdal kommune, Grødaland og Varden Sjøredningsmuseum i Hå kommune, Haugabakka i Klepp kommune og Science circus, Jærmuseet sitt "vitensenter på hjul" som oppsøker skular i Rogaland og Agderfylka.